Vi veit at det har budd menneske i Heddal i 4000 år. Kanskje endå lenger.
Dei har skapt eit landskap, dei har bygd hus, dei har dikta, forma, måla og skore i tre. Det gjer dei enno.
Det mest storslåtte kulturminnet er stavkyrkja – bygd for tre hundre tusen morgonar sidan. Kven var dei som skapte kyrkja den gongen? Kva blir skapt i Heddal i dag?
I området vil det no bli lagt ein stig gjennom tid – der målet er å skape gode plassar for møte mellom det moderne mennesket og dei ulike uttrykka for kreativitet, kunst, tradisjon, byggeskikk, tru og mytar som til saman utgjer bygda omkring stavkyrkja.
Målet for stigen er stavkyrkja, og ein håpar at turen gjennom landskapet har ført den besøkande litt nærare Raud Rygi og dei andre som har sett sitt preg på kyrkja og bygda.
”etter tre hundre tusen morgonar enda ein morgon på veg gjennom universet.
I ei sval gang, på ein stolpe,
under bremmen av taket
gryr andletet til eit ukjent dyr.
Det er kome hit frå draumane
til ein av dine forfedrar.”
(Paal-Helge Haugen, utdrag)









