Rygi barnehage har arbeidd med prosjektet "Kunst i stavkyrkjeområdet". Det finst mykje kunst i området, heilt tilbake frå middelalderen og fram til dagens nye uttrykk. Dragane i treskurden på sjølve kyrkja fengar ungane, og dragar finn ein i mange av verdas kulturar.
Trolldalen barnehage har hatt fleire sommarutstillingar i låven på Bygdetunet.
Rygi skule har hatt eit flott prosjekt på Bygdetunet gjennom mange år: Ein åker med mange ulike grønnsaker blir stelt heile sommaren i samarbeid med foreldra. Om hausten har dei den store potetdagen der dei tek opp potetene og lagar potetsuppe.
Rygi skule har også hatt utstilling i Prestegardslåven, med teikningar av stavkyrkja og frå segna om korleis kyrkja blei bygd.
Heddal ungdomsskule sette opp ein musikal i 2008 med namnet "alle dei rosur" der dei formidla Olav Fyrileiv sitt liv og virke. Olav Fyrileiv var ein allsidig handverkar og rosemålar i Heddal og har si eiga stugu oppe på Bygdtunet.
Nordbygda skule er også igang med eit prosjekt der dei tek i bruk stavkyrkjeområdet i sitt kulturarbeid.
Det er laga eit "kulturskattekart" som skulane kan bruke til å leite opp små og store kulturskattar i området. Lærar eller omvisar kan leggje til forteljingar og informasjon. De kan også prøve å finne dei skjulte historiane i området.









