Mobiltelefonen som lokal guide:
Gå den nye stigen og opplev historiene i stavkyrkjeområdet.
Mobiltelefonen, IPod/MP3 eller det nye område-heftet er den private guiden din! Alle forteljingane tek utgangspunkt i det lokale, men fortel også at Heddalsbygda alltid har vore ein del av den store verda. Du kan gå stigen i ditt eige tempo og høyre forteljingane i den rekkefylgja du sjølv ynskjer.
Har du ikkje moderne hjelpemiddel for handa, kan du kjøpe eit hefte med presentasjon av stigen. God tur på ein stig i tid!
Kulturskattekart - ein aktivitet for barn og ein guide inn i eit område rikt på detaljar. Du finn det i kafeen.
Nistepakke: Du kan kjøpe med deg tradisjonsmat frå kafè Olea i ei praktisk nistepakke. På Bygdetunet serverer dei kaffi og lappar eller lokal eplesaft. Fine nisteplassar finn du over alt, der kan du eta maten din og sjå utover dalen med Stavkyrkja, Prestegarden og Rygigardane. Avstanden fra kyrkja til bygdetunet er kun 200m.
Kunst langs kulturstigen: Langs kulturstigen kan du oppleva svært gamle og heilt nye kunstuttrykk. Eksempel er altartavla til Tor Lindrupsen i låvekyrkja, Skulpturen av Olea Crøger ved prestegarden av Tore Bjørn Skjølsvik og relieff i bergveggen av lyrikaren Olav Kaste, forfattaren Ingebjørg Mælandsmo og bunadskunstnaren Anne Bamle. Relieffa er laga av Hilde Mehlum, Ingrid Lene Langedok og Kari Buen. Øvst oppe på utsiktsberget står ein obelisk som Knut Hølje Odden har laga.









